for å finna ei enkelt korg ...

Enkelte klage øve at da er vanskelig å finna fram på Lynghaugparken første gong dei går der.  Vel, tviler på at noken har brukt 444 veker og to daga på å finne fram til korg nummer ein der.

Men da er så lang tid eg brukte på å finne da som må være den best skjulte og minst kjente korg nummer ein i Norge, om ikkje i verden...

Lørdag 10. oktober ca kl 1210, så fant eg etter 8 år, 6 månder og 5 daga endelig korga som da før bare har gått rykter om; den sagnomsuste Stordkorga!


Screenshot fra Facebook

Eg har leita etter Stordkorga siden Langfredag 6. april 2012.   På dennne dato var ei av dei svenske toppspelarane, Linda Emanuelsson, på påskeferie på den norske vestkysten og la ut et bilde fra Stord.  Da var ikke noke korg på bildet, men da medførte ein prat om bana i området og nermaste bane av ein viss størrelse var då Lynghaugparken.  Da blei ikke noke speling i Lynghaugparken, men da kom fram at da skulle være ei korg på Stord.  Myta om Stordkorga var født !

Svensken visst ikke kor ho hadde vært og kor korga skulle væra, men korg skulle da væra.  Eg sjekka den sommaren rundt div skuler, idrettsanlegg og andre plasser der da kunne finnast ei korg, men uten hell ...

Den hausten snakka eg med svensken under EM i Colchester og fekk litt meir informasjon.  Ho hadde besøkt norske bekjente på Stord og kom inn på frisbeegolf og prøvd å forklare koss da fungerte og at ein heiv på ei metallkorg.  Då hadde ein av ungane i heimen sagt, "ei slik har me på skulen!".

Og da er så mykje informasjon som har funnest om Stordkorga fram til nylig.  Eg har snakka med folk som driver idrett på Stord, eg har snakka med lærara som har jobba på Stord, eg har vore innom alle sportsbutikker på Stord (da er ikkje så mange, men eg har vore der fleire ganger opp gjennom åra) og eg har spurt og leita etter den hersenes Stordkorga.

Men Stord er og blir ein ubrukelig plass.  På Bømlo (der vettuge folk er fra) har da vært frisbeegolfbaner siden tidenes morgen, trenger berre kikka i lokalavisa for å finne info. Men på sommarøyo Stord, nei der veit dei nada niks - ubrukelige folk.

MEN så er da jo da at når ein først er hekta på frisbee og da skal finnast ei korg og ein bane (der da er ei korg er da alltid ein bane) så må ein jo finna den, sjølv om da er på møkkaholmen Stord!


Bildet tatt av Stordkorga berre sekunder etter at den blei oppdaga

Så har åro gått, eg har spurt alle som veit som kaster frisbee og veit kor Stord er om dei veit noke om korga, men nei. Eg har spurt alle stordinga eg har møtt, men nei, frisbee og frisbeekorg veit ikke dei noke om. Ikkje ein einaste mann eller ei einaste dame har noke en ide om kor den forbanna Stordkorga er.

Men so i dei mørkaste av mørkte tider, kornatider, skjedda da noke ein dag i Lynghaugparken.  Eg høyrde noken med sunnhordalandsdialekt ute på frisbeebanen.  Sprang kanskje ikkje bort til dei, men skynda meg i da minsta bort og spurte: "Dåke veit vel ikkje om ei frisbeekorg på Stord?"  - og sjokk over alle sjokk - da gjorde dei !

Dei hadde utan tvil sett ei korg ved Nordbygdo skule!

Eg trudde først ikkje på dei, men dei var sikkre; om da var ei korg på Stord, så måtte da væra den ved Nordbygdo.  Kunne Stordkorga vera reell og ikkje berre ei myta?

Eg har vore i området ved Nordbygdo skule før, men ingen korg og ingen eg har snakka med har visst om ei frisbeekorg i området der. No er da jo slik at ein ikkje akkurat reise til Stord frivillig for ofte, men heller berre prøver å kjøre så fort så ein kan over den holmen om ein reiser nord-sør på vestlandet. Men so hadde eg altså på lørdag plutselig litt tid til overs for å undersøke om disse stordingane faktisk visste kva dei snakke om eller om dei var som stordinga flest.

Så eg kjørte den tunge veien fra Bømlo til Stord for nok ein gong gå på korgjakt.  Hadde sjekka Google Kart, Finn kart og Gule Sider kart i forkant uten å finna noke korg, men visste no veien så eg skulle sleppe bruke for mykje tid der.  Parkering var da og bra med, men ikkje noke korg å sjå fra parkeringen, så eg spurte dei lokale.  Nei, ingen hadde høyrt noke om noko frisbeekorg og aldeles ikkje sett noke slikt.  Så da var da berre å begynna å leita sjølv.

Starta med å gå rundt skulen og ca halveis rundt og 75 sekund seinare såg eg et av dei vakraste tingo eg har sett på Stord!   Ei frisbeekorg - STORDKORGA !


Stordkorga

Eg visste nesten ikkje ka eg skulle gjera, kva kan ein gjere når noke som du har jakta på i mange år plutselig står der oppe i lyngen, mellom nokre småfuru og et par bjørke?

Da eg gjorde vær å kaste min Big Z Buzzz i en svak hyze slik at den la seg ca 6 meter fra korg, så putta eg med ein supersoft Judge!   Lyden i korga var heller dårlig, i hovedsak på grunn av dei heller longe kjettingane som hang ner gjønnom botn av korga.

Så undersøkte eg korga litt nøyare og den er av ein modell eg aldri før har sett.  Miner om klassiske eldre korger som eg har sett feks på feks Ekeberg, Måløy, Arendal og korgene i Lynghaugparken.  Men samtidig var den ganske unik med endel detaljer eg ikkje har sett før.  Den er galvanisert og ser altså med første øyekast ut som ei vanlige korg, men da er da nok ikkje.  Mykje tyder på at da er ei "proff heimelaga" korg.  Eg har forhøyrt meg litt og når ikkje ein gong legenden Frank Wulff kjenner den igjen utfra bildene, då er da nok ikkje standardkorg.  Stordkorga ser ut til å vera unik !

Etter å ha undersøkt korga snakka eg med folk i nerheten.  Folk som hadde vore der daglig med ungene for å leike i fleire år hadde aldri lagt merke til den, sjølv om den berra stod 30 meter vekk.  Dei hadde aldri høyrt noke om den og aldri sett noken bruke den.  Og dei var sikkre på at da ikke var fleire slike korger i området.

Kikka litt rundt for å sjekka at da ikkje var fleire korge (kan aldri stole på ein stording veit du, kan aldri stola på ein stording), men kunne ikkje finne noke i umiddelbar nerhet.

Men no har eg funnet er ein vettuge plass på Stord, ein plass da er verdt å stoppa på - Nordbygdo ungdomsskule - heimen til Stordkorga!

 

 

 

 

Har du informasjon om Stordkorga eller andre korger som bør leitast fram?  Gje ein lyd til Roar!


 

Lurer du på ca nøyaktig kor Stordkorga er ?

Vel da kan du sjå/klikka her

 

 Viser seg i ettertid at det faktisk er mulig å finne korga på Google Maps.  Alt du treng er å skifte til streetview og stille deg på rette plassen, då ser du Stordkorga i det fjerne !