På årets siste stormcup var det spenning heilt til absolutt siste kastet om kven som skulle vinne samanlagt.

 

Merk! Artikkelen er sist endret for 5 år siden. Informasjonen kan være utdatert.

Eit seriøst dårlig ver gjorde at da var rekordlavt oppmøte for sesongen. Kun 13 stykk tok turen ut i vinden og med ein skade vart da berre 12 som fullførte.

Samanlagt var da veldig spanande.   Erlend leda før runden, men kunne ikkje vera med sjølv, noko som opna for Olav.  Om Olav komme på førsteplass så vil han vinna samanlagt, om han komme på andreplass blir da helt likt og ein dårligare plassering på Olav gjer Erlend samanlagten.  Veldig tett med andre ord.

Men først kan me sjå på amatørklassen på dagens runde.  Der blei da og veldig tett, men til slutt var da et kast mellom Tommy Nesse og Tore Andre Rongved (68 og 69 kast).  Thomas Sundal tok tredjeplassen eit kast framfor Vegard Grindheim (72 og 73).

Da er få damer som speler konkurransar i Bergen, men Hanna The Hyzer Queen Hugosson sitter godt på tronen sin. I opensamandraget kom ho i år på ein solid 14. plass og har senka snittet sitt kraftig denne sesongen. 

Totalt har da vore 111 ulike personar med i Stormcup denne sesongen og 7 av dei har vore damer.

På dagens runde blei to hol spelt under par, 10 og 18 - som begge spelte 0.167 under par.  Hol 6 spelte 1.083 over par og var banens tyngste hol.  Det var birdies på 12 ulike hol og totalt 36 birdies.  Flest av desse hadde Frøysa med 7 og småsolide 240 birdiepoeng.  Olav hadde 5 og 90 poeng, mens Roar tok tredjeplass med 4 og 85.

Ingen ace i vinden, men solide 60 kroner i CTP potten som Olav tok med seg frå hol 18.

Så tilbake til runden.  Det var ei firer gruppa og resten trear grupper.   Noko som gjorde at ei gruppe var ferdig ein del etter alle andre.  Og i denne gruppa låg nøkkelen til årets stormcup.

Olav og Roar var begge komne i mål med ein score på 55 (-1) - ein grei score i vinden.  Men i firer gruppa gjekk Frøysa som hadde ein fantastisk start i dei tunge vindforholda, han var heile 6 minus etter hol 14.  Om Frøysa haldt inn ville det gje ein klar seier for dagen og delt første plass mellom Erlend og Olav totalt.

Men så fekk og Håvard trøbbel i vinden på dei mest vindutsatte hola.  Så før hol 18 så var han lik med Olav og Roar.   På dette tidspunktet var Olav samanlagtvinnar dersom Frøysa spelte på par eller verre.  Folk hadde samla seg rundt greenen på 18 og på metrix fulgte Erlend med, spørsmålet for han no var om da blei solo seier i stormcup, om da for første gang skulle bli likt og han måtte dele med Olav eller om da skulle bli ein andreplass.

For å gjera eit kort hol enda kortare; Frøysa ødla begge sitt håp om singel samanlagtseier, han plasserte driven ca 2-3 meter fra korg til ein enkel tap-in-birdie.

Olav og Erlend hadde begge 6 førstplassar, 5 andreplassar og 2 tredjeplassar som tellande.

Årets stormkast joker var Petter Alfsen.  Den blide mannen frå sør satte seg godt til rette på førsteplass samanlagt i runde 1 og der blei han til og med runde 16.   Ganske imponerande med tanke på  at han kun spelte 9 runder før han reiste fra Bergen!

Fra runde 16 til runde 25 har Erlend hatt førsteplassen samanlagt, men i runde 26 kom altså Olav og sikra seg delt samanlagt.

Fulle resultater fra dagens runde finn du her og samanlagtresultat finn du her